VÅR OG SOMMAR PÅ JØLSTERFISKE
Jølstravassdraget er eit eldorado for aurefiske, eit av dei beste i Norge. Hovedvassdraget er 50 km langt og har god plass til alle som vil fiske. Her er aure i halvkilosklassen daglegdags, og kvar einaste sesong vert det teke aure på fleire kilo. Vi sel fiskeutstyr, fiskekort, leiger ut fiskeutstyr og båter i Jølstravatnet.
  
Treng du litt opplæring i fiske, valg av rett fiskeutstyr eller valg av fiskeplass, vil vi sjølvsagt vise deg.
BADING
100 m frå Jølvassbu Camping ligg ei flott sandstrand, lett å få seg ein svalande dukkert på varme sommerdagar. Stranda er langgrunn og svært barnevennleg.

RAFTING
Jølster Rafting tilbyr rafting i Stardalselva og Jølstra.
Dei har også tilbud om paintball, rapperlering, elvebrett m.m. Sjå meir
informasjon på Jølster Rafting si eiga heimeside: Jølster
Rafting
 
GOLF
Sunnfjord Golfklubb si golfbane med 9 hol par 70, lengde 4510 m, ligg på
Vassenden. Meir informasjon om Sunnfjord Golfklubb finn du på deira eiga
heimside: Sunnfjord
Golfklubb
 
FJELL- OG TURSTIAR
Jølster har ein vakker, variert natur frå skogkledde lier til stupbratte fjell med bre på toppen. Jølstravatnet er det naturlege midtpunktet med ei mengd småelvar og vann omkring. I heile kommunen er det merka turløyper. Lokale kart har vi på Jølvassbu og vi hjelper gjerne med den info du treng. På breen må ein ha guide.
 
 
SYKKEL
Sørsida av Jølstravatnet, ca. 20 km frå Vassenden til Skei, er eit roleg
område å sykle i. Kombinert med eit besøk på Astruptunet er dette ein flott
tur. Jølvassbu har for tida 2 syklar for utleige.
 

BRETURAR
Glacier Team og Jølster
Rafting
tilbyr profesjonell guiding på Haugabreen, ein arm av Jostedalsbreen.
|