Overnatting

 • Hytter
 • Bubil og telt
 • Servicebygg

Aktivitetar

 • Vår og sommar
 • Haust og vinter

Informasjon

 • Jølvassbunytt
 • Jølster
 • Kart
 • Kontakt oss

 

   Deutsch

  English

   Norsk

  Nederlands

HAUST

 

 

FISKE

Om hausten kan fisket vere eventyrleg. Når elvane veks er auren svært bitevillig. Dei små elvane som renn inn i Jølatravatnet er først ute, dei treng mindre nedbør for å bli flaumstore, medan Jølstra gjerne treng eit par dagar for å reagere særleg på nedbøren. Dersom ein er heldig, kan fisket vere fantastisk i 3-4 dager.

 

BÆR- OG SOPPLUKKING

Bær og sopp er ein unytta resurs som står og ventar på deg. Blåbær, tyttebær, krekling, ville bringebær og molter er vanlege bærtypar i denne regionen. Kantarell, piggsopp og steinsopp er også å finne i gangavstand frå Jølvassbu.

 

VANDRING

I september er fargeprakta i fjellet uimotståeleg. Lufta er klar og frisk og sola har kraft nok til å varme ein vandrer ved lunsjbålet. Den nye turguiden i Jølster har 17 turer, frå heilt lette til krevande. Foto der stien er avmerka gjer det lett å orientere seg.

    

TURLANGRENN

Jølster Skisenter har preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen og vi har lysløype for langrenn. Ein kan gå på ski frå Jølvassbu til skiløya/lysløypa, ca. 300m.

            

ALPINT
Jølster Skisenter tilbyr alpine løyper som passar alle, frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde alpinist som krev tøffe utfordringar. Samla lengde nedfartar er ca. 4000 m. Ein kan velge mellom 4 heisar, skitrekka Kvamsheisen og Gamleheisen samt barnetrekka Uglumheisen og Bjørneheisen. Meir informasjon sjå deira eiga heimeside: Jølster Skisenter

 


© Jølvassbu Camping, N - 6847 VASSENDEN, MOBIL + 47 92 06 22 03, E-post: post@jolvassbu.no - Meir info